Jeanett

Eg er ei jente på 21 år, som er busett i Askvoll, Sogn og Fjordane. Her er eg midlertidig busett hjå min far, medan eg og den fine sambuaren min pussar opp hus (han pussar opp, eg peikar). Min far er som sagt busett i Askvoll, saman med resten av den store (les: lille) slekta mi. Mamma er busett på Eid, der eg gjekk barneskulen og to år av ungdomsskulen. Eg har tre halvbrør, der to bur hjå mamma, og ein "er pappa sin", som eg pleier å seie, men han bur hjå mor si. Eg er dagpendlar til Førde der eg går Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling helsefag. Eg tek bachelor i sjukepleie. Eg veit det kanskje ikkje har so mykje med fotografering å gjere, men kva gjer det vel å ha fleire bein å stå på? 


Eg skal etter kvar starte eit eittmannsføretak angåande fotograferinga mi, men har diverre ikkje kome så langt endå. Det er kun prioriteringa det står på. Tida rekk heller ikkje heilt til då vi pussar opp hus, og eg er fulltidsstudent i tre år framover. Men alt til si tid. 


Utdanninga mi hittil er tre år på Medier og Kommunikasjon (VGS), der fotointeressa meldte sin ankomst. Så tok eg meg eit friår for å bestemme meg for kva eg ville satse på vidare, og byrja å jobbe som ekstrahjelp på sjukeheimen i Askvoll. Eg vurderte fram og tilbake om eg skulle til Bergen på Norges Kreative Fagskole, eller om eg skulle ta nokre andre fotostudier, men bestemte meg etter kvar for å verte sjukepleiar. Det er jo fullt mogleg å kombinere utdanning med hobby! Det er ikkje akkurat marked for fulltidsfotograf i Askvoll, så eg kjem lengre med fleire bein å stå på, som sagt. Når det kjem til foto er eg tilhengar av å prøve og feile. Eg lærte veldig mykje på VGS, men det meste er nok sjølvlært etter kvart. 


Interessene mine er, om ein har tid til å ha interesser på si når ein tek bachelor, fotografering, lese bøker, film, interiør, teikning (prøvar, men det går ikkje, uansett kor mykje eg prøvar), bil, huset vårt, klær og sko. Eigentleg litt av alt. Er det noko de lurer på er det berre å ta kontakt :)


Alle bilete på bloggen er tekne av meg - er det annleis, er kjelde oppgitt. Copyright gjeld sjølvsagt.