oidå, jaja, tida går fort når kjærasten er heime! Det er berre å innrømme. Det går nesten alt for fort når han må reise igjen so fort og. Han for sjølvsagt i går. Men eg skal spare dåke for den pessimistiske tankegangen og sytinga, og heller fortelle ka eg får gjort til han kjem heim!
Mandag 7/3 - får igjen sjukdomslæreeksamen
Fredag 18/3 - Skal ha eksamen i Etikk, jus og psykologi.
Fredag 18/3 blir mappeeksamen trekt ut, og det har vi ei veke på oss til å levere.
Fredag 25/3 er siste frist for innlevering av mappeeksamen.
Onsdag 23/3 kjem kjærasten heim, seinast.
Torsdag 24/3 reiser vi til OSCHLO! Skal sjølvsagt på Top Gear Live i Spektrum! Oooho, gleda meeg! Så, ja, eg har sjølvsagt ambisjonar om å gjere mest mogleg på mappeeksamen før den vert trekt ut (tre gongar so mykje arbeid) for å kunne levere den før tida, og reise til Oslo.
(Kan kanskje nemne det at eg skal male ferdig soverommet, og kanskje overraske han med å legge golv på romma til han kjem heim! Hahaha, då trur eg han hadde fått HETTA! Men, som den mannssjovenistiske personen han er, og den feministen eg veks fram til å bli i samhald med han, så vil eg bevise at det ikkje berre er han som kan klare det ;))
Eg har tatt litt bilete av ymse natur rundt om kring i fagre Sunnfjord, men som de kanskje har skjønt prioriterar eg litt annleis akkurat i dag. Skal også ned å sjå på golvet Roar vil vi skal ha i huset. Dessutan held eg på å lese "Øya" av Victoria Hislop. Som de kanskje skjønar her og, eg slit litt med prioriteringevna. Er det nokon som har litt til overs?